söndag 8 november 2009

Byrjinga

Nokon har kan hende lyst til å lese litt om historia bak prosjektet ”Dra på mot kreft!”. Denne bloggen vil handle om det.

I juli 2009 rett før bloggskrivaren, Eivind Arne Bjaaland, heretter kalla Bjelle, og Eirik Eikebrokk satte seg på flyet til Nice, Cote d`Azur, Frankrike tikka det inn i tekstmelding på gode gamle 957 24 588 (11 år): ”Være med på å sykle Trondheim-Oslo neste år?”. Avsendar var ingen ringare enn ein enda eldre kompis, sjølvaste Kjetil Ludvig Kiledal Isaksen. Samen og Kjøttulf i ein og same person! Ein av dei få her i verda som jublande strakk henda i vêret då han ein sein jolekveld endelig bikka 100 kg. Klart det skal syklas!

Tilfeldigvis hadde Ørjan Skau og eg snakka om det same. Eg hadde lyst til å få med fleire, og Kjetil ville også det. Derfor mobiliserte me litt på kvar vår kant og sendte invitasjonar til eit knippe karar me kjenner som er kapable til å ynskje seg sjølv like vondt.

I august hadde me fått med ein del, og ein av desse var Thomas Monsen som har vist seg å vere eit drivjern i prosessen. Uredd, kreativ og offensiv har han fått med seg folk på ideen vår. Eller rettare sagt hans. For det var han som fyrst tenkte at når me skulle sykle så kunne me gjere det for ein god sak. Og er det noko som sykkelsporten har blitt assosiert med dei siste åra, så er det kreftsaken gjennom Lance Armstrong og hans organisasjon Livestrong. Thomas oppretta kontakt med Kreftforeningen, og enda på visa er at me skal samle inn pengar til dei samtidig som me førebur oss til den store styrkeprøven 19-21. juni 2010.

No måtte me berre få tak i nok syklistar. I utgangspunktet håpa me på å få med 10-12 stykk, men interessa har vore stor, og sjølv om mange tenkte seg lenge og grundig om før dei takka ja innan 1.11 har me enda opp med 26 toppmotivera karar som skal slite seg dei 540 kilometrane mellom Trondheim og Oslo i lag. 26 stykk! Fantastisk! Me kjem til å få til eit supert opplegg for desse. Dei harde fakta om ryttarane kjem seinare.

No er alle i gang med treninga for fullt, og treningsopplegget vert offentliggjort her om ikkje så lenge. Men me kan avsløre at fleire av karane støttar seg til bolktrening om det seier dykk noko J

Administrativt er fokus no på å få med sponsorar på laget. Me ynskjer litt forskjellige typer avtaler. Nokon som gjev pengar i kassa til Kreftforeningen, og andre som kan kombinere pengegåver med utstyr me treng og ernæring/drikke undervegs. Så er du ein potensiell sponsor, eller kjenner du nokon som kan vere det tar du kontakt med meg på vinjerui@gmail.com eller på gode gamle 957 24 588. Me har kontakt med nokre aktuelle. Desse vert presentera når dei er klare!

Andre utfordringar er fylgjebilar og støtteapparat. Kor mange bilar skal fylgje oss? Kor mange personar treng me hjelp av? Kor mykje mat og drikke treng me? Kva skal me ete og drikke? Som de skjønar er spørsmåla mange, og me har nokre svar sjølv, men sit det nokon med kunnskap dei vil dele håpar eg de tar kontakt.

Elles er det berre å poste linken til denne bloggen der du måtte ynskje. Facebook, twitter, msn, nettby, blink, sukker, møteplassen osv. Ikkje berre på grunn av den høge standarden på teksten, men sidan det er ein viktig sak me vil sykle til inntekt for!

Tromsø 8.11.2009

Jostein Hestmann Vinjerui

fredag 6 november 2009

Det foreløpige laget

Det foreløpige laget:

Kapetein:
Jostein Hestmann Vinjerui, Tromsø, langrenn

Spurter:
Kjetil Isaksen, Voss, frikjører

Bakkespesialist
Tor Eggebø, Stavanger, frikjører
Thomas Monsen, Oslo, frikjører

Hjelperytter:
Aasmund Vaa, Oslo, arkitekt/langrenn
Erlend Hestdalen, Fredrikstad, fjellmann
Anders Ekkje Slettebø, Stavanger, frikjører
Olav Gunleik Mostaul, Høydalsmo, fjellmann spreking

Flatmarksspesialist:
Eivind Arne Bjaaland, Tromsø, skiskyting
Tor Henrik Larsen, Bardu, frikjører
Aslak Hestmann Vinjerui, Trondheim, langrenn

Nedoverbakkespesialist:
Kenneth Hansen, Trondheim, dansk/kondisjonsidrett
Ørjan Skau, Haugesund, spreking
Jostein Eidsmo, Oslo, langrenn
Helge Vogt, Mosjøen,

Opptrekkere
Jon-Albert Sætevik, Stavanger
Årstein Skjæveland, Stavanger
Njål Kaavik, Stavanger

Reservekapteiner:
Stian Bjerkeseth,
Stavanger Kristoffer Moan, Bodø, skismører
Øystein Volden, Bodø,
Anders Linndal, Stavanger,

Først i mål:
Glenn Jørgensen, Trondheim, langrenn
Bjørn Evensen Gauldal, Gått Norge på langs
Olav Nygård, Gauldal, Gått Norge på langs
Tor Henrik.

Litt av en gjeng!!! Det kan være det blir noen flere, men hittil er vi 26 karer!

Invitasjonen

Dette var invitasjonen fra Jostein som fikk ballen til å rulle:

Styrkeprøven er blant verdens hardeste turritt, uansett om du måler i høydemeter, lengde, langs landeveien eller i terreng.Siden starten i 1967 har titusenvis av sykkelryttere tatt turen over fjellet.Nå har det byrja å ryktas at det er fleire rundt omkring i landet som syslar med tanken om å delta neste år. Skal me vere med på dette bør me starte å trene allereie no. 540 km er langt! Forslag til treningsprogram vil bli publisera.Tanken er at me greier å få på plass minimum 10 stk som kan sykle i lag heile vegen. Me vil og prøve å få til eit støtteapparat rundt. I tillegg bør me jobbe for å rabattavtaler på ulikt sykkelutstyr.Er du interessert vert du i denne gruppa, og veit du om andre aktuelle inviterar du dei med!

Jeg leste 3 setninger så hadde jeg bestemt meg for å vare med!
Mvh
Thomas