måndag 26 april 2010

Kontrastfylte dagar i nord

Laurdag 24.4. Nydelig vær. Blå himmel. Sol. Nesten vindstille. 4-5 plussgrader. På med lang tights, varm jakke, skoovertrekk, knevarmarar, lange hanskar, lue og super. Endelig er sykkelsesongen skikkelig i gang. Eg bestemmer meg for å sykle rundt Sør-Kvaløya i Tromsø med utgangspunkt frå Eidkjosen. Ca 95 km. Dette kan nok klassifiserast som den finaste rundturen her oppe.

http://www.dailymile.com/routes/128624-cycling-route

Med bananar og New energi frå legendariske Eide handel, kjent for å vere ei uttømmelig kjelde for alpe-/asfaltlam frå Lyngen og kveite frå Yttersida, i lommene og tre flasker med isotonic sportsdrink rulla eg avgarde. Turen vart like nydelig som forventa, sjølv om det kjendes godt i beina då eg runda 3 timar. Spesielt dei fire fyrste mila var fine. Sykla over Kattfjordeidet og ned til Sommarøy for dei som er kjent.

Tysdag 27.4. På programmet i dag står det 4x5 km intervall. Opp mot 175 i puls og god stemning. Ute er det to minusgrader og 5 cm nysno. Forget it! Kor vart sykkelsesongen av? Langtidsvarselet på yr.no gir ingen grunn til optimisme.

http://www.yr.no/sted/Norge/Troms/Tromsø/Tromsø/langtidsvarsel.html

2 x spinningtime neste.

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar