Når ein bur i eit av Noregs viktigaste strategiske satsingsområde, nordområda, byr det seg moglegheiter ein kan sjå langt etter elles i landet. Som for eksempel å sykle til Finland.
Med flott værmelding i sikte og alliering med støtteapparatet på Skibotn i form av Ingvild Furnes om henting i grensebygda Kilpisjärvi, bestemte eg meg for å ta turen sist fredag.
Rulla ut av Tromsø ca kl 10 i strålande solskinn, men då eg tok av brua og vendte snuta mot Nordkjosbotn vart det fort klart at den berømte Balsfjordvinden skulle bremse meg mildt på veg nordover.
Turen anbefales på det varmeste for alle som har moglegheiten. Asfalten er fin heile vegen, og sjølv om du i perioder må sykle på E8 er ikkje trafikken avskrekkande.
Siste 50 km frå Skibotn og opp til Kilpis stig det i alt ca 550 meter, så avslutninga er ganske tøff.
Eg låg heile vegen på intensitet 1 (60-70 %) og var nøye med å drikke kvart 15 minutt og åt ein halv bar med Clif kvart 45 minutt.




Stoppa i Nordkjosbotn for påfyll av drikke og eit wienerbrød, sverga til utrista cola resten av turen. Super sportsdrikk med masse godt i.
Etter stoppen roa vinden seg ned og farta gjekk opp. Terrenget er ganske flatt, så lysta til å sykle bakkar meldte seg.
Kaffe og cola
Ny stopp på Skibotn for ein kopp kaffe og innkjøp av meir cola før bakkeklatringa tok til. Når ein kjem opp i høgdene mot Finland er det ein fantastisk utsikt mot Skibotndalen. Sjå dei neste bilda-








Etterpå var det ned til støtteapparatet på Skibotn som frista med badstubading, grilla laks og digg tilbehør før me køyrde inn att til byen.
Konklusjonen av turen er at eg kjenner meg i rute til Styrkeprøven. Brukte 6 t 10 min på ca 165 km. Snittfart på ca 27 km/t aleine på intensitet 1 med ein del motvind fyrste 3 timane er eg fornøgd med.
Oppsumering her: http://www.dailymile.com/people/Jossi/entries/1946554
I morgo ventar Tromsørittet. 110 km rundt Sør-Kvaløya for dei som er kjent. Værmeldinga viser 6 grader og overskya. Håpar snoen som lava ned i går(!) holder seg borte.
Jostein
Flott tur og fine bilder!:) Lukke til i morgo, håpar ikkje det snogar! hehe...
SvaraRaderaKlem frå veslesys